Ciderhuslogo Ciderhuset
Meir om Ciderhuset

Open sommarrestaurant og kaffibar

Ciderhuset opnar dørene for publikum med servering og kunstutstillingar 22 juni og har ope til 5. august. Gard Eitungjerde Høyvik og Tuba Ardic er vertskap denne sommaren. Dei har komponert ein a la carte meny med lokale råvarer og med inspirasjon frå Middelhavet. Tuba kjem frå Tyrkia og har med seg mattradisjonar derifrå. Salat, urter og dessertar hentar ho mest frå hagen, cider og fruktvin finn dei i kjellaren.

Opningstider alle dagar unnateke laurdag kl 16 - 22.  

Sjå meny


Glas i glashus.

Astrid Wittersø stiller denne sommaren ut glasmosaikk i drivhuset i Ciderhuset 22 juni - 5 aug 2010. Ho er opprinneleg frå Larvik, men bur og arbeider i Førde. Astrid er utdanna ved Bergen Kunsthandverksskule og Vestlandets Kunstakademi. Ho er godt kjend som kunstnar både i og utanfor fylket og arbeider m.a. med måleri og glasmosaikk. Ho har undervist i 30 år i teikning og komposisjon på Mo og Jølster vg skule.

Fargar er viktige for Astrid: "En fargeklang, en rytme, en stemning setter i gang en arbeidsprosess, og det oppstår nonfigurative former i spennet mellom flate og rom".

Opningstider er dei same som for restauranten alle dagar unnateke laurdag kl 16 - 22.


Høge sprang - fotoutstilling

Thomas er opprinneleg frå Nederland, men flytte med familien til Feios i 2005. Han starta sitt eige fotoselskap i 2006, 19 år gammal. Året etter oppsøkte han den verdskjende dansefotografen Lois Greenfield i New York. Han har lært mykje teknikk hos ho, og skal for andre gong arrangere workshop med Lois i Balestrand i august.

Thomas har teke bilde i Ciderhuset, mellom anna av Solveig Eitungjerde Høyvik som er under utdanning på Norges Balletthøyskole i Oslo. Desse bilda vil bli utstilte saman med andre fotografi av Thomas

Thomas Morel er ein ung og svært lovande fotograf. Han har spesialisert seg på å ta utradisjonelle bilde av menneske, gjenstandar og væsker i rørsle. Han fangar den magiske augneblinken når ein dansar eller idrettsutøvar yter maksimalt i prestasjonen. ”Gjennom min lidenskap for å fange ekstreme augneblink som elles ville ha gått forbi uoppdaga, har eg gjort folk merksame på fotografiets skulpturelle eigenskap i å fryse eit moment i all evigheit.”

Same opningstider som restauranten alle dagar unnateke laurdag kl 16 - 22.  

Fat til mat – Mat frå fat.

Ciderhuset har samarbeidd med kunstnaren Magni Jensen denne vinteren. Ho har funne fram til nye former på fat, skåler, koppar til tyrkisk kaffi og drammeglas til sommarrestauranten. Desse vart presenterte på opninga 22.juni 2010 og tekne i bruk i serveringa same dag. 

Magni Jensen lagar sin særeigne keramikk i den vedfyrte omnen på verkstaden i Kvamsøy i Balestrand. Magni er utdanna ved Bergen Kunsthandverkskule. Ho har i over 30 år som aktiv kunsthandverkar, delteke og arrangert mange utstillingar og workshops regionalt, nasjonalt og internasjonalt og er ein viktig ressurs i det kunstfaglege miljøet i Sogn og Fjordane.

Magni sine former passar godt inn i Ciderhuset sin rustikke stil, og Tuba gler seg til å presentere couscous-salat eller tyrkiske kjøtbollar i tomatsalsa på Magni sine vakre fat!