CONTACT

Ciderhuset
Sjøtunsvegen 32,
6899 Balestrand
+47 90 83 56 73
post@ciderhuset.no
Kart
 

SOCIAL MEDIA

TripAdvisor
Facebook
Instagram

Julebutikken i Ciderhuset

November 21, 2019

Vi lagar god drikke og syltetøy mm til gåvepakningar - fyrer opp i grua, set på kaffien og finn fram kakene. Så ventar vi hyggeleg besøk av sambygdingar, gjester på hotella og folk som vil ta turen frå nabobygdene i adventstida. 

Gode tilbod for bedrifter og organisasjonar som treng julegåver ein kan ete og drikke har vi også. 

22.-23.nov 19

29.-30.nov.19

6.-7.des.19

13.-14.des.19

Fredagar kl 14-18 og laurdagar kl 11 - 16. Elles etter avtale - tlf 90 83 56 73 Eli-Grete

Jazz-buffet og Balejazz konsert i Ciderhuset

May 03, 2019

Kl. 14.30-16.00: Jazz-buffet inkl. drikke (nye smakar frå Balholm) kr 440.

Bordbestilling 90 83 56 73 (Eli-Grete). Buffet stenger når konserten startar.

Kl 16.00 Balejazz-konsert HILDO .
Tore Brunborg – saksofon, Berit Opheim – vokal, Kåre Opheim – trommer og perkusjon, Steinar Raknes – kontrabass, Stein Urheim – ulike strengeinstrument.

Hildo heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Denne fantastiske gjengen musikarar har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det starta som eit samarbeid med Riksscenen og hadde première på Vossa Jazz 2018 der dei fekk ståande ovasjonar frå både publikum og kritikarar.

Påskeope i Ciderhuset 2019

April 14, 2019

Vi held open butikk og kafé i Ciderkjellaren nokre dagar før påske.

Vi feirar sølvmedalje frå ciderkonkurranse i Frankfurt med gode påsketilbod - Sprudlande eplemost 75 cl kr 50, Limonade med hylleblom kr 40. Heilt nye og smakfulle 2019-produkt i hyllene (som vi ikkje har lov å reklamere for ...)
Vi har varm suppe med brød, kaffi/te, cider/jus og noko attåt. Velkomne:-)


Ope fredag 12.4 kl 11 - 18.
Ope palmelaurdag 13.4 kl 11 - 15
Ope måndag 15.4 kl 11 - 18
Ope tysdag 16.4 kl 11 - 18
Ope onsdag 17.4 kl 11 18
Ope påskeafta kl 11-15.

Sertifiseringskurs om Cider

April 08, 2019

Kjære cidermakarar, ciderelskarar, cidermeldarar og mat&drikke-interesserte

Cider er på frammarsj både globalt og i Noreg. Talet på produsentar og utvalet av produkt aukar, og norsk cider har hatt ein kraftig auke på Vinmonopolet siste åra.

For å utvikla kompetansen om cider og fruktvin, inviterer Ciderhuset til eit spennande og nyttig tre dagers sertifiseringskurs på engelsk. Kurset ope for alle som jobbar med cider eller ynskjer å læra meir. Me har fått til eit samarbeid med Beer & Cider Academy frå England og er heldige å få «The Ciderologist» Gabe Cook frå London til Balestrand for å læra oss meir om cider. Kurset er ikkje først og fremst eit praktisk kurs om å laga cider, men om korleis me smakar på cider, om råvarene/ eplesortane, gjærtypane, framstillingsteknikkane, kategoriane og kva mat som passar til dei ulike ciderane.

- Kva er skilnaden på ulike typar cider? Kva er eplevin? Kva er fruktvin?
Dette er første gong kategorisering av cider er tema på eit norsk kurs. I mellom anna Storbrittania og USA er det utvikla detaljerte kategoriseringssystem for plassering av dei ulike cidertypane, liknande det som gjeld for øl og vin. Viss norsk cider skal bli eit fullverdig drikkealternativ, er det viktig at Noreg kjem i gang med eit tilsvarande arbeid.

- Cider kombinert med mat: Kva typar cider passar til ulike matrettar – og kvifor?

- Kva kjenneteiknar ein god cider – og korleis oppdaga smaks”feil” ved dei ulike siderkategoriane? Kva er god balanse?

- Kva karakter vil ulike eplesortar bidra med, og kva innverknad har gjærtypen?

- Ung cider, fullgjæra cider og modna cider – kva kjenneteiknar dei ulike gjæringsstadia? Kva er fruktig preg? Kva er malolaktisk preg? Kva er oksidert preg?

Me håpar å sjå dykk på kurset. Vel møtt!


DAG 1: Foundation Course: You will learn about how cider is made, its ingredients and how they impact on flavor. You will sample a range of cider styles and pair some of them with different foods. This will equip you with the skills to communicate knowledgeably about cider with customers and consumers and will enhance your professional status in the cider sector.

DAG 2 Advanced Course: The Advanced course significantly expands on aspects of cider styles, tasting, assessment, and cider & food matching. Course objectives: To develop delegate's, enhanced understanding of cider, ingredients, and techniques, style and flavor diversity amongst styles Which enables you to: Appreciate cider with greater breadth and depth than previously and distinguish between key styles, describe flavors

DAG 3 How to Judge Cider: A training course designed to help professionals, enthusiasts, and beginners understand how to assess and judge the quality and style of a cider. This knowledge can be used to enhance the experience and enjoyment of tasting cider as well as preparing judges in beer competitions for the processes and standards required. Course objectives: To develop delegate's: Understanding and correct use of cider terminology. Awareness of inappropriate flavor characteristics. Ability to identify key cider styles. Ability to discriminate amongst ciders of the same style

*All courses include a multiple choice exam at the end*


Kursdato: 9., 10. og 11. april kl 09.00-16.00 kvar dag
Kursstad: Balestrand - Ciderhuset
Kurspris: 3.500
Lunsj er inkludert + middag siste dag.
Påmeldingsfrist: 15 mars 2019
Påmelding: Send epost til ardictuba@gmail.com

Årets kulturelle julemiddag: "Glimesteinar"

November 22, 2018

Bergsveinn Birgisson, Berit Opheim og Gabriel Fliflet med den litterære konserten GLIMESTEINAR bygd på Johannes Gjerdåker si gjendikting frå islandsk.

I år har vi vore så heldige å få denne kremgjengen til Ciderhuset akkurat når det passar å tilby eit godt måltid i førjulstida. Litterær konsert med påfølgjande middagsbuffet med spesialitetar frå Ciderhuset og nye smakar frå Balholm. 

Litterær konsert GLIMESTEINAR kl 18.30 - 20.00 Billett kr 350 
Konserten blir arrangert i samarbeid med Førdefestivalen - Folkjazzscena og Rom for ord.
Ciderhuset sin middagsbuffet med førjulsvri kl 20.00 kr 400
JULEBUTIKKEN med kafe opnar same helga:-). Bestilling tlf 90 83 56 73 eller e-post post@ciderhuset.no eller via facebookhendinga (sjå under)

Balejazzkonsert og Jazzbuffet

May 04, 2018

Kl. 14.30-16.00: Jazz-buffet inkl. drikke (nye smakar frå Balholm) kr 420. Bordbestilling 90 83 56 73 (Eli-Grete). Buffet stenger når konserten startar.

Kl 16.00 Balejazz-konsert Nils Økland Band
Nils Økland er ein innovativ fiolinist og hardingfelespesialist som har vore ein aktiv musikar og komponist sidan 1980-talet. Han har gitt ut fire album på labelen ECM og har skrive musikk for både teater, ballett og film. Til Balejazz kjem han med bandet sitt som ga ut albumret “Lysning” på hausten i fjor. Det fekk ganske så gode tilbakemeldingar. 

Pris: 295 NOK (+ avgift) - bestill billett på www.balejazz.no 

Nils Økland - feler, Rolf-Erik Nystrøm - saksofonar, Sigbjørn Apeland - trøorgel, Per Oddvar Johansen -trommer

Påskeope i butikken

March 23, 2018

Muleg å handle god drikke til påsken i Ciderhuset, eks Margaret sprudlande Eple & Rabarbra og Ingeborg Eple & Plomme frå den prislønna serien fruktdrikke tileigna kvinner som har betydd mykje for Balestrand og Sogn. Sprudlande Hylleblom Limonade og alt det andre frå www.balholm.no 

Ope laurdag 24.mars kl 11-15
Ope onsdag 27.mars kl 15-17
Ope påskeafta 30 mars kl 11 - 15


Andre tidspunkt kontakt tlf 90 83 56 73. 

Kaffi og noko attåt.

Julebutikken i Ciderhuset

November 16, 2017

Julebutikken i Ciderhuset open kvar fredag og laurdag før jul kl 12-18. Julegåver som smakar! Kafé med fyr på grua, kaffi og kaker, juice- og cidersmaking. Alle velkomne!

17. - 18. november

24. - 25. november

1. - 2. desember

8. - 9. desember

15. - 16. desember

Balejazzkonsert Trygve Seim med Rummi Songs og jazzbuffet

May 05, 2017

Kl 14.30 - 16.00 Jazz-buffet inkl. nye smakar frå Balholm kr 420.

Bordbestilling 90 83 56 73 (Eli-Grete)

Kl 16.00 Konsert Rumi Songs.

Bllettar http://www.balejazz.no/#konsert561 


Trygve Seim er ein av Norges fremste saksofonistar. Han har jobba med både store og små ensembles og finn stadig nye vegar. Rumi Songs-prosjektet er eit samarbeid med vokalist Tora Augestad og er eit unikt møte mellom skandinavisk samtidsjazz og klassisk verdslitteratur.

Tekstane er henta frå Coleman Barks gjendiktingar av den persiske poeten Jalaladin Rumi, som på 1200-tallet hadde stor påverknad på alt frå musikk og dans til poesi og filosofi.

Seim var nominert til Spellemannspris for dette prosjektet.

Trygve Seim – saksofon
Tora Augestad – vokal
Frode Haltli – trekkspel
Svante Henryson - cello
Erling Kittelsen - resitasjon

Påskeope - Butikken i Ciderhuset, Balestrand

April 14, 2017

Muleg å handle god drikke til påsken i Ciderhuset. Nye smakfulle produkt. Sprudlande Hylleblom Limonade og den nye serien fruktdrikke tileigna kvinner som har betydd mykje for Balestrand og Sogn. 
Ope fredag 7.4 kl 11 - 18. 
Ope laurdag 8.4 kl 11 - 15
Ope måndag 10.4 kl 11 - 18
Ope tysdag 11.4 kl 11 - 18
Ope onsdag 12.4 kl 11 18
Ope påskeafta kl 11 - 15

Club Bele-konsert med Gabriel Fliflet og Jorun Marie Kvernberg

March 09, 2017

Gabriel Fliflet kjenner me frå tidlegare vitjingar hjå Club Bele og på Balejazz. Han er ein fargerik musikar og musikkmakar med trekkspel som hovudinstrument og med lang fartstid innan ei rekkje ulike former for folkemusikk. Han vart kåra til Årets folkemusikar i 2011. Jorun Marie Kvernberg spelar fele, hardingfele og harpeleik og er ei av landets beste folkemusikarar. Ho har vunne Spelemannsprisen to gonger og er den einaste som har vunne den ærerike "Edvard-prisen" for komponering i sjangeren folkemusikk.

Gabriel og Jorun Marie renn over av speleglede, både når musikken toppar seg i høgspente kraftutladningar og når han flyt stilt og poetisk. Dei føljer kvarandre tett, både med underfundige smil og breie glis! Når tida er moden, bryt dei ut i song.

Du får høyre folketonar som har overlevd generasjonar, men aller mest ny musikk laga av musikarane sjølve, m.a. songar til tekstar av Kjartan Fløgstad og Jan Magnus Bruheim. 
Jorun Marie Kvernberg sin musikk er prega av oppveksten hennar sentralt i spelemannsmiljøet i Romsdal. Her er luftige viser med plass til vemod og uventa svingar. Her er feleslåttar med mykje harpiks og mange glade knips. Jorun Marie Kvernberg er sentral i to av Noregs mest framtredande folkemusikkgrupper; i den prisløna felekvintetten Majorstuen og i trioen Tindra. Dei siste åra har ho og dyrka solospelet, og fått stor respekt for den lysande, kraftfulle tonen sin, virtuositet sin og for djerv musikalsk nyskaping.

Gabriel Fliflet sin musikk er melodiøs, men med eit eige tonalt særpreg; du kan spore tonar og rytmer frå både Hellas og Hardanger, finske skogar og nordsjøkystar. Mange kjenner Gabriel Fliflet frå samarbeidet hans med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, eller frå prosjekta hans baserte på eigne tingingsverk. Mellom disse er Åresong, som han lagde saman med Jon Fosse til Festspela i Bergen 2010. Valseria frå 2013 er ein hyllest til valsen og tretakten, og det var her Jorun Marie og Gabriel sitt samspel starta.

www.gabrielfliflet.no www.jorunkvernberg.com

Velkomne til eit godt måltid og ein heidundrande konsert!

Ciderhuset opnar dørene kl. 18.00, og det er høve til å kjøpe Ciderhus-suppe til kr. 150 pr. pers. før konserten. Dersom de ynskjer å ete suppe før konserten, kan det vere lurt å tinge på førehand på tlf. 908 35 673 / 984 77 765 eller post@ciderhuset.no

Konserten tek til kl. 19.00. Inngang kr. 150 for medlemmar av Club Bele og kr. 200 for andre.

Til informasjon for dei som eventuelt kjem frå andre sida av fjorden, går det ferje frå Dragsvik til Hella og Vangsnes både kl. 21.40, 23.05 og 00.15, slik at det går greitt å komme seg heim igjen om kvelden.

 

Facebook-event: https://www.facebook.com/events/491492807905527/?notif_t=plan_user_joined&notif_id=1488231828345953

Julebutikk i Ciderhuset – Lokale julegåver med smak. 

December 16, 2016

Balholm - 28 sortar drikke med og utan! Eplemos med brandy, gelé og syltetøy av plomme, bringebær, rips, solbær og rabarbra
Gåvepakningar
Magni Jensen-kopp og urtete frå hagen, Balholm-drikke med heimelaga biscotti, sjokolade, kirsebær i likør, fruktkake, mm.
Juletilbod på ein del Balholm-produkt.

Ope fredagar 15-18 og laurdagar 11 – 16 før jul.
Laurdagar kl 15 eventyrstund, gløgg i glaset og fyr på grua – ta gjerne med strikketøyet!

Elles etter avtale tlf 90 83 56 73.

Konsert med Erlend Apneseth trio

September 08, 2016

Fredag 9. september: Ciderhuset- Balestrand (Club Bele)
Kl 19 - Servering av varm suppe og brød kr 150
Kl 20 - Konserten startar kr 150 medlemmar - kr 200 andre.

Om konserten blir det skrive: "Høstens første Stamveg-turné er en virkelig høydare. Iallefall om en skal tro anmelderne. Trioen har blitt rost opp i skyene for debutalbumet sitt, både i inn- og utland. Vi er hjertens enig, men mener likefullt at musikk som dette aller helst bør oppleves live. Om du er så heldig å befinne deg i Bergen, Førde, Balestrand, Voss, Øystese eller Haugesund i tidsrommet 7.-12. september kan du gjøre nettopp det."

Gane-Spa med Nils Henning Nesje og Tuba Ardic

July 09, 2016

Ciderhuset inviterer 10 og 11 juli 16 til Gane-SPA med kokken Nils-Henning Nesje fra ”Mat med hjerte” & musikalske innslag av Stig Gjerde.

Nils-Henning Nesje laga i 2015 det som blei kåra til Norges beste lokalmatmeny - og fikk pris utdelt av landbruksministeren på Matmerk sin fagdag. Han er bla. leiar for Hanen Møre-og Romsdal, og ein del av kokkesamanslutningen Chefs Dinner Norge Kjøkensjef. Tuba har invitert tre gjestekokkar denne sommaren. Nils Henning er førstemann ut. Tuba og Nils vil kokkelere saman før vi presenterer
”Gane-Spa” i Ciderhuset desse kveldane. Det blir spennande å smake Balholm-produkta som ingrediens i nye rettar.

Reservasjon av bord tlf 98 47 77 65 (Gard)
Eller epost post@ciderhuset.no 
Alle velkommen.

Meny 

Liten Ganefriskar - Alpakkafilet frå Hakalegarden grava med epledram & servert med ville vekster

Forrett: Klippfiskrygg fra J&J Dybvik servert med eplesylta grønsaker, sellerirotpuré tilsmakt med urter frå hagen og eplesmørsaus av Balholm eplemost.

Hovudrett: Grilla entrecôte fra garder i Sogn servert med rødløksmarmelade tilsmakt med solbær grappa, eplebernaise, fondantpotet med eple&solbærkraft.

Dessert: Sprøsteikt krydderkake med Tuba sin eplemarmelade, opphakka eplegele & eplesorbet laget av Ciderhuset sine eple, etande blomster frå hagen

Pris 4 rettars meny kr 600
Kveldens anbefalte drink: ”Fjordbrisen" - ein eplemartini laga på Ciderhuset sine godsaker.
Maten blir presentert med muntre historiar & sleivspark

Gane-Spa med Nils Henning Nesje og Tuba Ardic

July 10, 2016

Ciderhuset inviterer 10 og 11 juli 16 til Gane-SPA med kokken Nils-Henning Nesje fra ”Mat med hjerte” & musikalske innslag av Stig Gjerde.

Nils-Henning Nesje laga i 2015 det som blei kåra til Norges beste lokalmatmeny - og fikk pris utdelt av landbruksministeren på Matmerk sin fagdag. Han er bla. leiar for Hanen Møre-og Romsdal, og ein del av kokkesamanslutningen Chefs Dinner Norge Kjøkensjef. Tuba har invitert tre gjestekokkar denne sommaren. Nils Henning er førstemann ut. Tuba og Nils vil kokkelere saman før vi presenterer
”Gane-Spa” i Ciderhuset desse kveldane. Det blir spennande å smake Balholm-produkta som ingrediens i nye rettar.

Reservasjon av bord tlf 98 47 77 65 (Gard)
Eller epost post@ciderhuset.no 
Alle velkommen.

Meny 

Liten Ganefriskar - Alpakkafilet frå Hakalegarden grava med epledram & servert med ville vekster

Forrett: Klippfiskrygg fra J&J Dybvik servert med eplesylta grønsaker, sellerirotpuré tilsmakt med urter frå hagen og eplesmørsaus av Balholm eplemost.

Hovudrett: Grilla entrecôte fra garder i Sogn servert med rødløksmarmelade tilsmakt med solbær grappa, eplebernaise, fondantpotet med eple&solbærkraft.

Dessert: Sprøsteikt krydderkake med Tuba sin eplemarmelade, opphakka eplegele & eplesorbet laget av Ciderhuset sine eple, etande blomster frå hagen

Pris 4 rettars meny kr 600
Kveldens anbefalte drink: ”Fjordbrisen" - ein eplemartini laga på Ciderhuset sine godsaker.
Maten blir presentert med muntre historiar & sleivspark

Konsert med Stian Carstensen under Balejazz

May 06, 2016

Konsert i Ciderhuset med Stian Carstensen under Balejazz Laurdag 7 mai 2016 kl 16.00. Bestill billetttar på www.balejazz.no 

Jazzbuffet frå kl. 14.30. kr 395 pr person. Bestill bord tlf 98 47 77 65 eller epost post@ciderhuset.no 

Stian Carstensen er tydeleg eit fyrverkeri med trekkspel og diverse andre instrument som gitar, fløyte, kaval, gaida, banjo.... Han er såleis kjend som ein av landets fremste multi-instrumentelle utøvarar. Les meir om han på Wikipedia.

Her er eit lite klipp frå NRK. 

Vi serverer jazzbuffet frå kl 14.30 - altså FØR konserten. Prisen kr 395 inkluderer smaksprøver av dei nye produkta frå Ciderhuset og Balholm. Vi stenger matserveringa når konserten begynner. 

Julebuffet og musikkteater

December 03, 2015

Kom heimatt gut! - ei musikkteater-forestilling av Fredrik Høstaker og Jostein Avdem Fretland. 

Musikkteater og Ciderhuset sin julebuffet!
Ein utflytt bygdegut kjem heim for å seia eit siste farvel til den døyande faren og bygda han kjem frå. Vêrfast åleine heime syner barndomsminne han vegen til ei djupare innsikt om kvifor han flytte til byen – og kvifor tanken på å bu heime er så frykteleg skummel.

Kom heimatt, gut! er eit heilt nyskrive musikkteaterstykke med Fredrik Høstaker i den syngande hovudrolla som Guten. Med han på scena er Jostein Avdem Fretland, som Pianisten.

Alle tekstane er skrivne av Fredrik Høstaker og Jostein Avdem Fretland. Musikken er skriven av Fretland. Sjå 
https://www.facebook.com/komheimattgut 
Arrangør Club Bele. 

Ciderhuset sin alternative julebuffet kr 470 pr person. For bestilling av bord tlf 98 47 77 65 Gard.

Novgorod med Gabriel Fliflet

September 10, 2015

Konsert med Novgorod i samarbeid med Club Bele.

Gabriel Fliflet og resten av gruppa Novgorod set kursen mot Balestrand i september, og vi er overlukkelege.

Vi kjem attende med meir detaljar seinare. Set av datoen!

Astrid Høyvik Kunstfond for unge - kunsthending

June 19, 2015

20 juni 2015 - Astrid Høyvik kunstfond for unge - kunsthending i Ciderhuset

Denne dagen blir det:

Amatørutstilling i regi av malerklubben "Den gylne pensel" / styret i kunstfondet

Offentleggjering av årets utdeling frå kunstfondet

Kunstauksjon 

Servering

Følg med!

Balejazzkonsert Solveig Slettahjell og Sigbjørn Apeland

May 08, 2015

9 mai 2015 kl 16 - Den årlege konserten i Ciderhuset under Balejazz - i år med Solveig Slettahjell og Sigbjørn Apeland.

Slettahjell & Apeland syng og spelar fine songar i rare fasongar. Alt frå Schumann via bedehussvisker og jazzklassikarar til pop. Slettahjell er ein av våre fremste songarar og har gjennom ti år som plateartist har ho markert seg langt utanfor Norges grenser. Sigbjørn Apeland er orgelspelar og vitskapsmann - og er kjend frå fleire innspelingar og frå sitt virke i grenseland mellom folkemusikk, kyrkjemusikk og improvisatorisk musikk.

Frå klokka 15.00 er det jazzbuffet i Ciderhuset, inkludert smaksprøvar av nye produkt. For bestilling, ring 98 47 77 65

Jazzbuffet

May 08, 2015

9 mai 2015 frå kl 15-16 er det Jazzbuffet i Glashuset inkl smaksprøver av nye produkt frå Cierhuset og Balholm. 

 

Vi dekker på langbord, så det blir sosialt og hyggeleg! Bordbestilling, tlf 98 47 77 65 til det er fullt.

Konserten med Solveig Slettahjell og Sigbjørn Apeland begynner kl 16. 

Frå kl 14 er det lanseringsfest for nye produkt frå Ciderhuset og Balholm for inviterte gjester. 

inngang på baksida av huset pga konsert i Gildesalen. Skilting.  

Terje Isungset & Arve Henriksen

December 11, 2014

Desse jazzmusikarane som vi kjenner godt frå Balejazz, stiller denne gongen med heilt ny plate. Dei vil også spele litt kamuflerte julesongar = musikk-quiz! På bildet har karane dressa seg opp for konsert på slottet!

Vi lagar julestemning i Ciderhuset med fyr på grua og mat for årstida attåt julejazzen!

Kl 19.00 Konsert. Kr 150 for medl. Kr 200 for ikkjemedlemmar av Club Bele.

Etter konserten Julemeny på Ciderhus-vis kr 450.

Skilte menn rir igjen

29. november 2014

I samarbeid med Sogn og Fjordane teater presenterer vi suksessen som er er tilbake seks år etter. Kompisane Fredrik og Roger er like kjappe i replikken som før.Fredrik Steen er ein av Norges mest kjende komikarar og er mannen bak revyfiguren Hildegunn Moltubakk som er sett av over 150 000 menneske. Roger Hilleren kjenner vi godt frå fleire suksessar ved Sogn og Fjordane teater og som TV-stemma i Oppdrag Sognefjorden!

Sidan sist har Roger og Fredrik blitt radiostjerner med programmet ” Skilte Menn”, med sine svært uortodokse tilnærmingar til sex og samliv.Slagordet ”Goooodnight, and stay singel” er på alle sine lepper. Livet smiler, og ville framleis ha smilt, om ikkje det var for eit tvillingpar på Ibiza, ei urne med kokain, ein koffert full av pengar og ei ekskone ved namn Anja.

Vaksne kr 230 + billettavgift. Grupperabatt ved min 5 personar.
Bestill billettar her http://www.softeater.no/billettar/ eller kjøp i døra.
Middag etter forestillinga: Hjort frå Esebotn og dessert av plommer i plommedram kr 350.

Be om pris for grupper. Bestilling tlf 98 47 77 65 / 90 83 56 73

Vi møter karane i ein bar i ein storby. Kvelden er ung, men dei er eldre.Kva har dei der å gjere? Kven ventar dei på? Vil nokon danse med dei? Vil dei møte ei kvinne, eller berre seg sjølve i døra? Les meir på Sogn og Fjordane teater sine sider: http://www.softeater.no/skilte-menn-rir-igjen/

Blueskonsert med Twang og tapas

14. november 2014

Blues-gruppa frå Årdal som går for å vere det beste live-bandet i Sogn for tida og dermed mykje på farten! Gjer dykk klare for ein kveld med funky rocka blues i Ciderhuset med Ketil Torbjørnsen, vokal og gitar, Øyvind Aga, trommer, Kenneth Sandnes, bass og kor.

Kl 19.00: Middag med meze (tapas) frå Noreg og Tyrkia. Kr 350

Kl 20.00 Konsert.kr 150 for medl. Kr 200 for ikkje-medlemmar av Club Bele.

Bandet vart starta i 2011. Alle medlemmane hadde fram til då spelt saman i ulike konstellasjonar, men samansetjinga i Twang var ny. Den lange fartstida som musikarar på høgt nivå, gjer bandet til ein klar vinnar. Med si frie tolking av Hendrix, Albert King, Delbert McClinton, Albert Collins m.m. har bandet satt fyr på publikum med prestasjonar, humor, musikalsk leik og eit unikt samspel. Publikum er den desidert viktigaste drivkrafta for Twang, og samspelet mellom band og tilhøyrar er ekstremt viktig for gruppa. Twang gjer seg ikkje før alle er nøgde!!

Bandet er allsidig og medlemane har spelt jazz, blues rock, folkemusikk, viser og pop med kjende namn som Karl Seglem, Sigrid Moldestad, Ronni Le Tekrø, Olav Stedje, Håkon Høgemo, Odd og Frid, Tone Damli m.m.) men kan seiast å være trygt forankra i bluesverda. Funky rocka og ekstremt blusa er nøkkelord for å omtale gjengen frå Sogn, som stort sett har vore fullbooka sidan starten.

Sigurd Ulveseth Quartet

24. oktober 2014

Det er stor stas å ynskje denne norsk-amerikanske superkvartetten velkomen til Balestrand! Sigurd Ulveseth Quartet spelte saman for første gong på Nattjazz for 20 år sidan, og har etter det halde det gåande med utstrakt konsertverksemd, tre plateutgjevingar og festivalopptredenar i m.a. Vietnam, USA, Canada, Argentina, Russland, Finland, Estland, Danmark og Litauen.

Kvartetten er samansett av:
Knut Riisnæs - tenorsax,
Dag Arnesen - piano,
Adam Nussbaum (USA) - trommer,
Sigurd Ulveseth - bass

Denne gjengen har ei merittliste som vi treng langt meir enn tre avsnitt på å omtale. Nokre stikkord: Sentrale trend- og tonesetjarar innan norsk og internasjonal jazz på 70, 80 og 90-talet. Samspel med jazzstorleikar som Stan Getz, Michael Brecker, Gil Evans, Carla Bley, Sonny Rollins, Elane Elias, Joe Henderson, Jerry Bergonzi, John Scofield, George Garzone og Steve Grossman. Til saman ein stad mellom 20-30 utgjevingarr i egne namn; medverknad på eit utal plater.

Inngangspengar: kr 150 for medlemar/kr 200 for andre. Det er råd å teikne medlemsskap for 2014, kr. 200,- pr. person, i døra.

Det er og høve til å kjøpe suppe med brød før konserten. Kan tingast på tlf. 908 35 673 / 984 77 765 på førehand.Til informasjon for dei som eventuelt kjem frå andre sida av fjorden, går det ferje frå Dragsvik til Hella og Vangsnes både kl. 23.00 og 24.00, slik at det er råd å komme seg heim igjen om kvelden.

Erlend Apneseth & Nils Økland

1. februar 2014

Erlend Apneseth har invitert med seg sitt store førebilete, Nils Økland, til den første konserten på FolkJazzScena i 2014. Vi ønskjer velkomen til ein konsert der møtet mellom tradisjon og nyskaping står i fokus.

Jølstringen Erlend Apneseth hadde sitt store gjennombrot som musikar i 2013. Han vann Grappa sin debutantpris og kom ut med sitt første soloalbum, som fekk stjernemottaking. Erlend er ein ihuga tradisjonsbærar av musikken frå Jølster, men har på same tid skapt eit rom for seg sjølv i den moderne musikken, gjennom improvisasjon.

Erlend er ikkje berre oppteken av å spele folkemusikk på tradisjonelt vis. Han ønskjer også å gje folkemusikken litt nye nyansar. Eitt førebilete på dette området for den unge jølsteringen, er meisterspelemannen Nils Økland. Den veletablerte felespelaren er kjend for dei fleste som ein pionér og brubyggar med sin samtidsmusikk på hardingfele og Viola D`Amore. Nils Økland har ein lang karriere og ei rekkje kritikarroste album bak seg.

Dette blir eit møte mellom to musikarar som har mykje å dele med kvarandre - og mykje å gje til publikum. I denne omgang kan du oppleve Apneseth & Økland på Ciderhuset i Balestrand, laurdag 1. februar, og i Eikaasgalleriet på Ålhus, søndag 2. februar.

Billettar får du kjøpt i døra, kontant betaling.
Vaksen 200.-
Frivillig/student 150,-
Born 50,-
BOiVest-mdl 180,-

Alternativ julekonsert med Sonarophon i Ciderhuset

29. november 2013

Gruppa består av Line Horneland (vokal, elektronikk) og Alf Terje Hana (gitar, elektronikk). Arrangør: Club Bele. Her er lenkje til noko av musikken deira:  https://soundcloud.com/search?q=sonarophon

NB! Konserten starter kl 21. Servering av to rettars middag frå kl 19.30.
Kjøttrullade av Angus aberdeen frå Hanevik med steikte mandelpoteter og wok grønsaker
Dessert: Enten Bringebæris frå Alm gard eller Plomme marinerte i plommedram med vaniljesaus.
Middag kr 350 pr person. Bordbestilling 98 47 77 65

Konsert kr 150 for medlemmar og kr 200 for ikkje-medlemmar.

Sonarophon er på Den Musikalske Stamvegen i regi av Vestnorsk Jazzsenter.
Meir om Sonarophon frå nettsida til Horneland:
Duoen Sonarophon; Line Horneland og Alf Terje Hana har jobbet sammen i seks år, gitt ut plate sammen og har gjort flere konserter.

Musikken bevegde seg fra det stille og vare til det eksplosive. Samspillet mellom Hana og Horneland er spesielt og vitner om stor musikalitet og nærhet og respekt for hverandres instrumenter, for kombinasjonen av akustiske og det elektroniske.

Alf Terje Hana, eller Athana som er hans kunstnernavn, er gitarist og lyd-kunstner med en rekke plate - produksjoner bak seg. Han liker å være utforskende, på let etter nye lyder. Line Horneland har studert jazzsong og komposisjon ved Universitetet i Stavanger, og har vært aktiv som freelancemusiker, pedagog og i en rekke ulike konserter og performance-prosjekt de siste årene. Hun har også gitt ut egne plater.

Rocketeater i Ciderhuset

10 juli 2013   Kl 19.30.

"Med Gjest Baardsens selvbiografi og egne tekster som utgangspunkt, har Rocketeateret laget en mini Rockemusikal om mestertyven Gjest Baardsen." Les meir her:
http://rocketeateret.blogspot.no/

Forestillinga blir i det nye Hønsehusteateret på tunet ved Ciderhuset onsdag 10 juli kl 19.30.
Billett teaterforestilling kr 175. Ca 25 sitjeplassar, først til mølla....
Arrangementet er del av jubileumsfeiringa til Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Rocketeater og 3 rettars middag på sommarrestauranten i Ciderhuset kr 590. Valfri trerettars meny inkl eit glas Sognefjord eplecider.
Restauranten er open kl 16 – 22.
Bestilling tlf 98 47 77 65 Gard.

Jonsokafta: Kunst Mat Musikk. Minneutstilling Astrid Høyvik

På jonsokafta er det på Ciderhuset det skjer. Ta med deg vener å kjende til ein kveld med kultur, mat og god stemning!

Programmet;

Kl 16.00 Sal av måleri og andre kunstverk av Astrid Høyvik. Kaffi og kaker.
Kl 18.00 Opning av minneutstilling Astrid Høyvik (1957-2013) ved Elsa Eikaas
Kl 18.30 Kunstauksjon med ca 15 titlar. Auksjonarius er Fridtjov Urdal. Verk av Astrid Høyvik, Elisabeth Knap, Svein Tenold Tuxen, Aase Kvikne Bjordal, Kirsti Ylvisaker, James Wiggs, Roald Grimsø, Knut Bry, Frøydis Lunde, Øyvind Svabøe, m. fl.
Ca kl 20.00 Sal av grillmat og suppe.
Jonsokbål og musikk av Holmaduren.
All inntekt frå kunstsalet går til «Astrid Høyvik kunstfond for unge»

 

«2013»

  • Mai – Arve Henriksen og Jan Bang, Balejazz-konsert

«2012»

  • Oktober –Kvarts, folkemusikk, i samarbeid med Norsk Drikke 2012.

  • September – Teaterstykket Inntrengaren av Maurice Maeterlinck framført av den tyrkiske gruppa Deney Atölyesi frå Istabul. i samband med internasjonal ungdomsutveksling og opning av Hønsehusteateret

  • August – Thea Hjelmeland Duo

  • Juni – Jorunn Torsheim og Jan Erik Fillan – operette i samarbeid med Operagarden Åmot og Kviknes Hotel

  • Mai – Håkon Kornstad Tenor Battle, Balejazz-konsert

  • Mars – Aamos, folkemusikk, i samarbeid med Førdefestivalen

  • Mars - Eva Bjerga Maugen og Espen Eriksen Trio, jazz, i samarbeid med Club Bele

«2011»

  • November – Inventarum, jazz i samarbeid med Club Bele.

  • November – Gabriel Fliflet og Novgorod

  • Oktober – Håvard Lothe trio i samarbeid med Norsk Drikke

  • Mai - Nordens tone og Jullie Hjetland, Balejazz-konsert

  • Mars - Dobbelkonsert med gruppene Lugom Trio og Hullyboo i samarbeid med Club Bele.

Please reload