Cidersmaking
Kl 13 og 16.00
måndag – laurdag
25. mai – 31. aug 2021
Vi formidlar om korleis vi dyrkar frukta i den økologiske hagen og om korleis vi gjer frukt og bær om til juice, cider, fruktvin og dram. Vi syner korleis vi handterer cideren etter «methode traditionell» med lagring og prosess før den til slutt får på champagnekork og blir eksklusiv musserande cider.
Ciderprogrammet inkluderer 5 smaksprøvar av cider. Alternativ smaking av alkoholfri most. Varer ca 1,5 timar totalt.
Snacks kan kjøpast i tillegg.
Butikken
Ciderhuset har løyve til å selje cider og fruktvin inntil 22 vol % alkohol i gardsbutikken.
Her finn du alle produkta våre frå Balholm med unntak av fruktdrammane våre. Desse må du framleis finne på Vinmonopolet.
I butikken er også bøker om cider, matminne av frukt og bær og litt av kvart alt etter sesong.
Ope 13-18 mandag - laurdag i sesongen. Elles i året - ta kontakt.
