KONTAKT

Ciderhuset
Sjøtunsvegen 32,
6899 Balestrand
+47 90 83 56 73
post@ciderhuset.no
Kart
 

SOSIALE MEDIER

TripAdvisor
Facebook
Instagram

MEIR

Balholm
Interplan 
Balestrand 
Sognefjorden

Ciderhuset har god plass til å feire den store dagen – i Gildesalen eller i Glashuset.  Vi serverer ulike menyar eller buffé (minimum 25 personar).

Vi hjelper til med underhaldning eller aktivitetar for gjestene -  til dømes formidling og smaksprøvar i Ciderkjellaren. Skal de ha eigne programinnslag, har vi prosjektor/lerret og eit lite lydanlegg.

Balestrand gir ei romantisk ramme kring bryllaupsdagen! Ciderhuset har husa mange bryllaup og hjelper dykk med å planlegge. Så kan alle slappe av og nyte den store festen.

Ynskjer de borgarleg/humanetisk vigsle, vil pergolaen ved Ciderhuset med blømande roser eller epletre vere ei fin ramme kring seremonien. Balestrand har elles fire kyrkjer og fem hotell.  

Vi har plass til mellom 50 og ca 120 gjester i Gildesalen og Glashuset. Vi har ulike menyar, servering eller buffé, og vil gjere vårt beste for å skape den stilen og stemninga de ynskjer

Skal de på tur med jobben eller vennegjengen? Balestrand kan by på litt av kvart alt etter ynskje og budsjett – kunstutstillingar- og utsal av kunsthandverk, Sognefjord akvarium, tur på fjorden med ribbåt, naturstiar, teamaktivitetar ute eller inne, kulturvandring og sjølvsagt kan turen ende med middag i Ciderhuset eller annan stad i bygda.

Besøk i Ciderkjellaren med formidling og eit glas cider kan vere eit populært innslag. Vi hjelper dykk med å planlegge ein morsom dag og vår munn er lukka med sju segl!