KONTAKT

Ciderhuset
Sjøtunsvegen 32,
6899 Balestrand
+47 90 83 56 73
post@ciderhuset.no
Kart
 

SOSIALE MEDIER

TripAdvisor
Facebook
Instagram

MEIR

Balholm
Interplan 
Balestrand 
Sognefjorden

Kven er vi? 

Ciderhuset blir drive av familien Eitungjerde Høyvik; Eli-Grete og Åge, og neste generasjon Tuba og Gard. Solveig, Ragnhild og Heidrun hjelper til når dei er heime.  Familie og gode vener hjelper til når det trengst – og det gjer det rett som det er!

Åge Eitungjerde er gründeren bak Balholm AS. Han driv Ciderkjellaren og frukthagen og formidlar om cider og frukt. Han dukkar opp som «Professor emeritus Balemyren» ved festlege høve, og han styrer grytene under store middagar. Han held små konsertar med gregoriansk song i den inste ciderkjellaren.

Eli-Grete Høyvik er samfunnsplanleggar og driv konsulentselskapet Interplan. Ho styrer økonomien i Ciderhuset og planlegg arrangement saman med kunden.  Ho bakar brøda i den vedfyrte bakaromnen og sørger for frukt og bær på glas om hausten. Ho har kulturvandringar som del av besøket i Ciderhuset.

Tuba Ardic er utdanna sosiolog. Ho er frå Tyrkia og lærte om matlaging frå bestemor si. Ho styrer restauranten og sørger for småmat, lunsjar og middagar inspirert av Middelhavet som del av opplevinga i Ciderhuset. Ho leiar internasjonale ungdomsprosjekt i Ciderhuset saman med Gard. Ho syng tyrkiske folketonar i den inste ciderkjellaren.

Gard Eitungjerde Høyvik er lærarutdanna, men brukar no kreftene i Ciderhuset. Han har ansvaret for sal av drikkevarene våre – både ut av huset og i baren. Han driv frukthagen og ciderkjellaren saman med Åge, og restauranten og ungdomsprosjekta saman med Tuba. Han har kulturvandringar og kan dukke opp med karakteren «Bajabas»…