KONTAKT

Ciderhuset
Sjøtunsvegen 32,
6899 Balestrand
+47 90 83 56 73
post@ciderhuset.no
Kart
 

SOSIALE MEDIER

TripAdvisor
Facebook
Instagram

MEIR

Balholm
Interplan 
Balestrand 
Sognefjorden

Kurs i Ciderhuset 

Vi tilbyr fleire kurs for grupper knytt til mat og drikke. Drikka lagar vi sjølve i ciderkjellaren, brødet steiker vi i den vedfyrte bakarovnen og maten lagar vi i restauranten - alt kan du vere med på og lære meir om. Vi har også god plass og nok fasilitetar om du skal ha eige seminar eller kurs. Ta gjerne kontakt for å avtale nærmare.

Eige kurs

Holde eigne kurs og seminar i Ciderhuset

Det er lurt å vere vekke frå arbeidsplassen og konsentrere seg om dagens tema på den faglege samlinga, internkurset og seminaret.  Rett og slett å ”skifter staue” – som sunnfjordingane seier.
Ciderhuset byr på lokalitetar og servering ved slike høve og kan tilby teamaktivitetar eller velfortent avslapping med cidersmaking i kjellaren etter arbeidsøkta.
Vi kan i mange tilfelle også bidra med prosessleiing eller fagleg påfyll om strategiarbeid i organisasjonar. Sjå Interplan for meir informasjon eller ta kontakt for tilbod om møtepakke.

Ciderkurs

Mange har prøvd seg med vinlegging som hobby. Det er kjekt å servere eigne drikkevarer frå eiga avling.
Ciderhuset tilbyr workshops og kursing etter avtale. Kva sortar eple eignar seg til cider, villgjær eller vingjær, kjemi, hygiene og ikkje minst tolmod er stikkord ein ikkje kjem utanom.

Bakekurs

Vi bakar brødet til Ciderhuset i den vedfyrte bakaromnen. Vi har sjølv vore på Bakeriet i Lom og på Lustrabui hos Gudny og lært kunsten. Det er så kjekt at vi gjerne vil gje andre sjansen til å vere med på slik baking.
Vi kan arrangere bakekurs for grupper på bestilling eller vi annonserer på Facebook og nettsida når det er kurs for individuell påmelding.

Matkurs

Interessa er aukande for å lage skikkeleg mat frå grunnen av med sunne og gode råvarer. Ciderhuset har sidan 1997 hatt DEBIO-godkjenning som økologisk fruktprodusent, og Åge var gründeren bak Balholm AS som vart stifta i 1996.
Ciderhuset har halde lokale for matkurs ved fleire høve – til dømes om korleis ein kan bruke frukt og bær på nye måtar i matlaginga. Fleire har spurt Tuba om å få lære å lage matrettar med norske råvarer på middelhavs vis. Vi har matlaging for grupper på bestilling som teamaktivitet, der gjestene lagar forrettar til middagen etterpå.... Ta kontakt for meir informasjon.  Vi annonserer kurs på Facebook-sida vår  for individuell påmelding når dette er aktuelt.