CIDERHUSET NETTBUTIKK

Produkta i nettbutikken gjeld kun for levering i Sogndal kommune der Ciderhuset sitt salsløyve for alkohol gjeld og i gardsbutikken i Ciderhuset, Balestrand. For bestilling elles syner vi til www.vinmonopolet.no , søk på Balholm eller MENY.no og ein del Coop-butikkar på Vestlandet. Alkohol kan berre kjøpast av personar over 18 år. Vi ber alle vere forsiktig i omgang med alkohol, særleg dei som har ansvaret for born.

 

Sogndal kommune har gitt Ciderhuset løyve til å bringe varer frå butikken til kundar i Sogndal kommune. Ombringing skjer etter nærare avtale innan tida for løyve til sal av alkohol. Kunden bestiller i nettbutikken og betaler ved levering enten på medbrakt bankterminal eller med Vipps. Kvittering for betaling med Vipps må framvisast. Betaling skjer ved utlevering og vi oppfordrar alle under 25 år å vise legitimasjon uoppfordra. Dette kan evt synast gjennom vindauge. Vi ringer på døra, held tilrådd avstand og spritar hender mellom kvar levering. Varene er pakka ved bruk av eingangshanskar og hyppig desinfisering.

Minimum bestilling kr 500. Levering kr 50. Fraktfri levering på bestillingar over 1000 kr. 

3 pakning Handverkcider 50 cl

Vare nr. B2 1 Handverkcider
kr 245
På lager
1
Produktdetaljer

Pakning med 3 ulike Handverkcider

Alkohol kan berre kjøpast av personar over 18 år. Vi ber alle vere forsiktig i omgang med alkohol, særleg dei som har ansvaret for born.

Balholm cider økologisk.
50 cl, 6% vol.
Cider i klassisk engelsk stil laga av
cidereple og desserteple. Miks av
modna bittercider frå tank og
ung cider frå kjølt gjæring.
Tydelege innslag frå tørre, snerpande cidereple, men likevel frisk, vinøs og eplefruktig. kr 75

Balholm cider med humle.
50 cl, 6% vol.
Ein aromatisk og tørr cider laga
av desserteple og humle
- ‘Hopped Cider’. Ung cider frå kjølt
gjæring som er tørrhumla. Frisk
eplelukt med innslag av humle i retning
hylleblomst. Fruktig og delikat smak av
eple med lett sitruspreg. Kr 70

Bjor vikingcider med mjødurt

50 cl, 14% vol

Den gamle, opphavelege cideren som vart brygga over heile det nordlege Europa, var kalla bjor på norrønt og beor på gamalengelsk. Drikken var laga av gjæra fruktsaft, gjerne med bær og urter og tilsett honning for å få høg alkoholstyrke. Bjor var rekna som den gjævaste og mest dyrebare drikken, og i Edda-diktet Allvismål får Tor fortalt frå dvergen Allvis at øl var for menn, men bjor var for gudane. Ei tønne bjor var verdt 5 tønner øl. Frå gamle dokument har bjor feilaktig blitt omsett til øl, fordi ordet liknar på beer. Men bjor var ein type søt sterkvin som ikkje inneheldt ikkje malt i det heile. Då tyskarane på 1500-talet begynte med humle i ølet, tok dei fram att det gamle ordet beor, som vart til Bier/ beer. Vi har laga ein moderne bjor av sterkcider tilsett honning og mjødurt. Aromatisk, sødmefull og sterk, slik drikken er omtalt i dei gamle dokumenta. Kr 100

Lagre dette produktet til senere

KONTAKT

Ciderhuset
Sjøtunsvegen 32,
6899 Balestrand
+47 90 83 56 73
post@ciderhuset.no
Kart
 

SOSIALE MEDIER

TripAdvisor
Facebook
Instagram

MEIR

Balholm
Interplan 
Balestrand 
Sognefjorden