CIDERHUSET NETTBUTIKK

Produkta i nettbutikken gjeld kun for levering i Sogndal kommune der Ciderhuset sitt salsløyve for alkohol gjeld og i gardsbutikken i Ciderhuset, Balestrand. For bestilling elles syner vi til www.vinmonopolet.no , søk på Balholm eller MENY.no og ein del Coop-butikkar på Vestlandet. Alkohol kan berre kjøpast av personar over 18 år. Vi ber alle vere forsiktig i omgang med alkohol, særleg dei som har ansvaret for born.

 

Sogndal kommune har gitt Ciderhuset løyve til å bringe varer frå butikken til kundar i Sogndal kommune. Ombringing skjer etter nærare avtale innan tida for løyve til sal av alkohol. Kunden bestiller i nettbutikken og betaler ved levering enten på medbrakt bankterminal eller med Vipps. Kvittering for betaling med Vipps må framvisast. Betaling skjer ved utlevering og vi oppfordrar alle under 25 år å vise legitimasjon uoppfordra. Dette kan evt synast gjennom vindauge. Vi ringer på døra, held tilrådd avstand og spritar hender mellom kvar levering. Varene er pakka ved bruk av eingangshanskar og hyppig desinfisering.

Minimum bestilling kr 500. Levering kr 50. Fraktfri levering på bestillingar over 1000 kr. 

Vi annonserer datoar for bestilling og utlevering her og på Facebook-sida vår.

Keisarinne Pæresider

Vare nr. 00002
kr 160
På lager
1
Produktdetaljer

Alkohol kan berre kjøpast av personar over 18 år. Vi ber alle vere forsiktig i omgang med alkohol, særleg dei som har ansvaret for born.

Keisarinne er ein fruktig sider
laga av pære,
slik tradisjonen har vore på
Vestlandet. Lys klar farge.
Tydeleg og frisk lukt av pære og i retning steinfrukt/plomme.
God kolsyre med fruktig pæresmak og lett tørr ettersmak.
Ein halvsøt cider som passar godt
som aperitif og til dessert, men som også kan passe til spekemat slik du ville brukt ein Riesling.

”Keisarinne er laga etter inspirasjon frå far Sverre sin pærevin - populært kalla Vin du Père :)”

Lagre dette produktet til senere

KONTAKT

Ciderhuset
Sjøtunsvegen 32,
6899 Balestrand
+47 95 90 21 90
post@ciderhuset.no
Kart
 

SOSIALE MEDIER

TripAdvisor
Facebook
Instagram

MEIR

Balholm
Interplan 
Balestrand 
Sognefjorden