CIDERHUSET NETTBUTIKK

Produkta i nettbutikken gjeld kun for levering i Sogndal kommune der Ciderhuset sitt salsløyve for alkohol gjeld og i gardsbutikken i Ciderhuset, Balestrand. For bestilling elles syner vi til www.vinmonopolet.no , søk på Balholm eller MENY.no og ein del Coop-butikkar på Vestlandet. Alkohol kan berre kjøpast av personar over 18 år. Vi ber alle vere forsiktig i omgang med alkohol, særleg dei som har ansvaret for born.

 

Sogndal kommune har gitt Ciderhuset løyve til å bringe varer frå butikken til kundar i Sogndal kommune. Ombringing skjer etter nærare avtale innan tida for løyve til sal av alkohol. Kunden bestiller i nettbutikken og betaler ved levering enten på medbrakt bankterminal eller med Vipps. Kvittering for betaling med Vipps må framvisast. Betaling skjer ved utlevering og vi oppfordrar alle under 25 år å vise legitimasjon uoppfordra. Dette kan evt synast gjennom vindauge. Vi ringer på døra, held tilrådd avstand og spritar hender mellom kvar levering. Varene er pakka ved bruk av eingangshanskar og hyppig desinfisering.

Minimum bestilling kr 500. Levering kr 50. Fraktfri levering på bestillingar over 1000 kr. 

Prunus Domestica plomme dessertvin 16 Vol % 50 cl

Vare nr. B2 Prunus
kr 170
På lager
1
Produktdetaljer

Prunus Domestica Plomme dessertvin 16 Col % 50 cl

Alkohol kan berre kjøpast av personar over 18 år. Vi ber alle vere forsiktig i omgang med alkohol, særleg dei som har ansvaret for born.

Prunus Domestica - dessertvin av plomme 12,5 %

Dei eldste plommesortane kom truleg til Sogn alt i klostertida. Plommer var mindre påakta enn eple og pærer, og vart ofte ståande som kratt i utkantar, der me framleis kan finna små “Gulaplommer”. I nyare tid er plomme vorte den mest eksklusive frukta me dyrkar, med sortar som Reine Claude D’Oullins, Victoria, Mallard, Jubileum og Reeves. Prunus Domestica er det latinske namnet for plomme. Det er ein søt dessertvin framstilt av storfrukta og saftige plommesortar som er dyrka i Sogn. Fruktvinen er mogna i minst 2 år og har ein distinkt og sødmefull plommesmak med forsiktig mandel og ein lett sherry-karakter.

Kan nytast som aperitif, til ost, kaker og dessert.


Lagre dette produktet til senere

KONTAKT

Ciderhuset
Sjøtunsvegen 32,
6899 Balestrand
+47 90 83 56 73
post@ciderhuset.no
Kart
 

SOSIALE MEDIER

TripAdvisor
Facebook
Instagram

MEIR

Balholm
Interplan 
Balestrand 
Sognefjorden