CIDERHUSET NETTBUTIKK

Produkta i nettbutikken gjeld kun for levering i Sogndal kommune der Ciderhuset sitt salsløyve for alkohol gjeld og i gardsbutikken i Ciderhuset, Balestrand. For bestilling elles syner vi til www.vinmonopolet.no , søk på Balholm eller MENY.no og ein del Coop-butikkar på Vestlandet. Alkohol kan berre kjøpast av personar over 18 år. Vi ber alle vere forsiktig i omgang med alkohol, særleg dei som har ansvaret for born.

 

Sogndal kommune har gitt Ciderhuset løyve til å bringe varer frå butikken til kundar i Sogndal kommune. Ombringing skjer etter nærare avtale innan tida for løyve til sal av alkohol. Kunden bestiller i nettbutikken og betaler ved levering enten på medbrakt bankterminal eller med Vipps. Kvittering for betaling med Vipps må framvisast. Betaling skjer ved utlevering og vi oppfordrar alle under 25 år å vise legitimasjon uoppfordra. Dette kan evt synast gjennom vindauge. Vi ringer på døra, held tilrådd avstand og spritar hender mellom kvar levering. Varene er pakka ved bruk av eingangshanskar og hyppig desinfisering.

Minimum bestilling kr 500. Levering kr 50. Fraktfri levering på bestillingar over 1000 kr. 

Sixpack handverkcider 4,7 % vol

Vare nr. B1 Handverkcider
kr 330
På lager
1
Produktdetaljer

Sekspakning med 2 av kvar av handverkciderane under.

Alkohol kan berre kjøpast av personar over 18 år. Vi ber alle vere forsiktig i omgang med alkohol, særleg dei som har ansvaret for born.

Handverkcider eple 33 cl, 4,7 %

Laga av desserteple og cidereple. Rein eplesmak med lette urteaktige overtonar. Fruktig og middels tørr.

Frisk all-round eplecider.

Handverkcider pære 33 cl, 4,7 %
Laga av 90% pære, 10% eple og humle.
Mild og fruktig pæresmak med blomsteraroma frå humle. Middels tørr.

Handverkcider bær 33 cl 4,7 %

Laga av eple, bringebær, rips, rabarbra og humle. Fruktig og tørr, og likevel svært smaksrik.

Lagre dette produktet til senere

KONTAKT

Ciderhuset
Sjøtunsvegen 32,
6899 Balestrand
+47 90 83 56 73
post@ciderhuset.no
Kart
 

SOSIALE MEDIER

TripAdvisor
Facebook
Instagram

MEIR

Balholm
Interplan 
Balestrand 
Sognefjorden