20.mai - 31.aug 2021. 

Måndag – Laurdag

Kl 13 (inkl lunsjplanke) og kl 16.

Vi formidlar om korleis vi dyrkar frukta i den økologiske hagen og om korleis vi gjer frukt og bær om til juice, cider, fruktvin og dram. Vi syner korleis vi handterer cideren etter «methode traditionell» med lagring og prosess, og at den til slutt får på champagnekork og blir eksklusiv musserande cider. 

Ciderprogrammet inkluderer 5 smaksprøvar av cider.

Kl 13 inkl lunsjplanke med 5  smårettar i tapasstil - ein smak til kvar cider.

Cidersmaking

Lage mat med Tuba

Lær å lage små rettar og nyt dei i lag med vår cider. Kjøkensjefen vår, Tuba Ardic, lærer deg korleis du kan kombinere lokale produkt med middelhavsmat og kva for cider som passar til. 

Rettane vil vere tilpassa sesong og kva som passar til cideren vi skal bruka.

Vi har nødvendig utstyr og forkle.  Kurset, cidersmakinga og formidlinga tek rundt to timar.

Denne aktiviteten er for små grupper på bestilling. 

Trykk på Bestill-knappen under for meir info.

Lær om cider og mat

Guida turar

Kulturvandring og cidersmaking

Eli-Grete eller Gard formidlar historia til kunstbygda Balestrand og om menneska som levde her i kunstnarkolonien.

I samarbeid med Kviknes Hotel startar vandringa frå Høyviksalen (med møblar etter bestefar/oldefar Ivar Høyvik), til kaien med det levande kunstnarmiljøet og vidare til St. Olaf’s Church (Den Engelske kyrkja), Kong Bele-statuen med soga om Fridtjov den Frøkne og til slutt nokre av dei karakteristiske drakestil-villaane.

Vandringa ender opp i Ciderhuset for cidersmaking og formidling.

Vandringa inkl cidersmaking varer ca. 2,5 timar.

Kontakt oss for gruppebestilling (min. 15 personar). 

Fjelltur og cidersmaking​

Guida tur i dei populære fjella i nærleiken av sentrum. Turen er ikkje altfor utfordrande og gir deg ei 3D-utsikt over Balestrand og Sognefjorden. 

Ein kort pause på toppen med litt juice (vårt lokale og økologiske produkt Balholm). Vi kjem att ei anna rute og ender opp i Ciderhuset for cidersmaking og formidling. 

Turen varar i 2-2,5 timar.

5030686647_f50e06e45f_o
Looking_down_on_Balestrand
5031303290_a24cc20b1f_o

Konsert

Ciderhuset samarbeider mellom anna med Førdefestivalen, Balejazz, Club Bele og Operagarden Åmot om konsertar. Uttrykka i musikken kan vere ulikt frå folkemusikk til opera og frå jazz til visesong. Men felles for alle vi har fått gleda av å presentere, er at dei brenn for akkurat sin musikk og sin sjanger.

Følg med på Facebook

Kunst

Ciderhuset ynskjer å vere ein del av Kunstbygda Balestrand.

Vi har i fleire år hatt eit nært og godt samarbeid med Magni Jensen som har gitt form til all den handlaga keramikken det blir servert mat på i sommarrestauranten. Magni sin keramikk gir matrettane i Ciderhuset eit estetisk løft. Ein del av formene er spesiallaga for Ciderhuset i samarbeid med Tuba.

I Gildesalen er utskorne stolar og dragehylle av Ivar Høyvik og vevetepper av Astrid Geithus (f Høyvik). Astrid Wittersø har laga glasmaleriet.

Vilde Jensen Hjetland har laga ein lyddempande tekstil-installasjon i Glashuset - Kvitla.

Amalia Pop og Tuba Ardic lagar det meste av video og billedmateriale for Ciderhuset.