Ciderrestaurant: 

26.juni - 21.aug 2021. Måndag - Laurdag kl 16 - 21.

I restauranten i Ciderhuset koplar vi mat og cider - eller andre fruktdrikker. 

 

Menyen endrar seg gjennom sommaren. Vi serverer meze (smårettar) og hovudrettar av lokale råvarer med inspirasjon frå Middelhavet - kjøkensjef og svigerdotter i huset kjem frå Tyrkia. Dessertane er ofte henta frå frukthagen. 

Kvar sommar kjem det gjester frå heile verda til sommarrestauranten i Ciderhuset. Fusion-mat - lokale råvarer med tyrkisk vri, både varme og kalde rettar, som passar til drikke frå Balholm, både med og utan bobler - og alkohol. Den vidstrakte utsikta over fjorden set også sitt preg på måltidet. Velkomne!

Ciderhuset sin matfilosofi er at maten bør smake godt!

 

Vi kjøper kjøt frå Geirmund Hanevik og Renate Rendedal i Balestrand og frå Vikja i Vik, laks frå Inge Menes på Farnes, is frå Alm gard i Feios…

 

Vår eigen tørre cider med urter frå hagen er basis i kraft, sausar og supper.

 

Vi hentar frukt frå vår eigen økologiske hage og drikke frå ciderkjellaren.

Den økologiske hagen har eit virvar av sortar som er samla gjennom mange år. Her er nesten 35 plommesortar, ca 60 eplesortar, 8 pæresortar, 6 aprikossortar, i tillegg til kvede, mispel og vindrue. 

Det artige med sortar er å smaka og lukta den store skilnaden innanfor ein art. 

Nokre passar best til å eta friske, andre til å laga syltetøy, atter andre til vin eller snaps.  Genetisk mangfald er i høgste grad også ei gastronomisk sak!

Ciderhuset har eigen urtehage bak kjøkenet. Eli-Grete har meir interesse for urter enn blomster – noko både biene og kjøkensjefen set pris på!

Løpstikke, persille, dill, diverse mynte, timian og sitronmelisse finn vegen til kjøkenet. I den rette sesongen kjem også asparges, jordskokk, squash, tomatar og salat på tallerken frå kjøkenhagen ved Ciderhuset. Om vinteren kan vi hauste av grønnkål, svartkål og romanesco. 

Gard er den mest tolmodige til å hauste urter til turking. Han og Tuba miksar urte-te og urteblandingar utover hausten som kjem dei til gode som sikrar seg julepakningane frå hylla med matgåver.