1694901193882 (1).jpg
 

Ciderhuset i Balestrand

Ciderhuset ligg i Balestrand i Sogn, ein liten spasertur frå kaien og Kviknes Hotel.

Balholm er merket vårt for drikke av frukt og bær – laga med ein stor porsjon lidenskap. På sommaren kan du bli med på cidersmaking og lære korleis vi lagar cider - også musserande cider på den tradisjonelle måten. Du kan handle i gardsbutikken eller ete lunsj a la carte i vår kafé. På kvelden kan du bestille “Cider Makers Dinner”. Vi tek imot grupper heile året til lunsj eller middag, formidling om cider og frukt eller kulturvandring, faglege opplegg og teambygging eller anna moro!

Opningstider 2026

Cidersmaking

12:30, Cidersmaking med lunsjplanke:

mai - august: måndag - laurdag
september: måndag - fredag

16:00, Cidersmaking med snacks:

juni- august: måndag - laurdag

  • Formidling om frukt og cider. Smaking av 5 ulike stilarter av cider saman med ein lunsjplanke med 5 smårettar som passar til kvar av ciderane. Alkoholfritt alternativ. Bestill her.

  • Formidling om frukt og cider. Smaking av 5 ulike stilarter av cider.&fruktvin Til kva cider kjem det snacks inkl husets sjokolade. Alkoholfritt alternativ. Bestill her.

Cider Makers Dinner

19:00 Ciderformidling og middag:

Juli      
måndag - laurdag       

August  
onsdag- fredag

  • I 2025 tilbyr vi Cider makers dinner - ein cidermiddag med formidling om korleis vi lager cideren vår og tilpasser matrettane til dei. Mezemiddag med fleire kalde forrettar på bordet, val mellom vekas kjøt/fisk eller vegetar som hovudrett. Fruktdessert frå hagen. Kr 940 pp. Ciderpakke kr 475 kan kjøpast i tillegg. Eller alkoholfri kr 425.

    Bordbestilling - Reserver her.

  • Om du ynskjer eit gruppebesøk eller privat arrangement i Ciderhuset - ver snill å ta kontakt her.

Ciderbutikk & Café

10. mai - 19. september
måndag - laurdag
12:00 - 15:00 café, butikk og cider 12.00 - 15:00 lunsj