KONTAKT

Ciderhuset
Sjøtunsvegen 32,
6899 Balestrand
+47 90 83 56 73
post@ciderhuset.no
Kart
 

SOSIALE MEDIER

TripAdvisor
Facebook
Instagram

MEIR

Balholm
Interplan 
Balestrand 
Sognefjorden

Ciderhuset som economusée

Eit economusée er ei handverksprega verksemd som er vald ut på grunn av sitt engasjement for kvalitet og det ekte. Verksemda skaper sitt eige driftsgrunnlag ved å lage produkt etter tradisjonelle metodar og teknikkar og ved å tilby kulturelle opplevingar. Économusée-nettverket har verksemder frå Canada og langs det nordlege Atlanterhavet til Skandinavia. Verksemdene tek vare på og formidlar tradisjonelle handverksteknikkar og kunnskap til komande generasjonar.

 

I tillegg til produksjon av drikke er Ciderhuset eit romsleg selskapslokale. Vi tek imot grupper heile året til lunsj eller middag. Vi tilbyr program med formidling om cider og frukt eller kulturvandring i Kunstbygda Balestrand. Vi fasiliterer faglege opplegg, teambygging og anna moro. Om sommaren kan du besøke restauranten i Glashuset som har vid utsikt over Sognefjorden. Her er mat av lokale og dels økologiske råvarer og med Middelhavskjøkenet som inspirasjon. Ciderhuset passar godt til bryllaup og feiring av andre store dagar.

Å dyrka frukt og laga cider heng tett saman her på Vestlandet, og bestefar Andreas Eitungjerde planta ut frukthagen i 1922. Då barnebarnet Åge overtok bruket på midten av 90-tallet, såg han etter nye måtar å utnytte frukta på. Han sa opp stillinga som høgskulelektor for å etablere Balholm og Ciderhuset. Balholm – den gang kalla Gulleple – vart eit pionerprodukt; ​den første heilt naturlege fruktmost på den norske marknaden.​ 

Ciderhuset stod ferdig i 2005, men er i stadig utvikling og endring. Eli-Grete etablerte konsulentselskapet Interplan i Ciderhuset sin kontordel.
Då sonen Gard og kona han Tuba frå Tyrkia bestemte seg for å slå seg ned i Balestrand, vart Ciderhuset igjen fornya. Dei etablerte sommarrestauranten som raskt blei suksess, og vidareførte interessa si for internasjonalt samarbeid gjennom Erasmus-prosjekt.