Ciderhuset ligg i Balestrand i Sogn, ein liten spasertur frå kaien og Kviknes Hotel. Balholm er merket vårt for drikke av frukt og bær – laga med ein stor porsjon lidenskap! På sommaren kan du bli med på cidersmaking og lære korleis vi destillerer eller lagar musserande cider på den tradisjonelle måten. Du kan handle i gardsbutikken eller ta eit måltid i restauranten. Vi tek imot grupper heile året til lunsj eller middag, formidling om cider og frukt eller kulturvandring, faglege opplegg og teambygging eller anna moro!
![]() Feire | ![]() Oppleve | ![]() Cidersmaking |
---|---|---|
![]() Folka | ![]() Hus og hage | ![]() Ciderbutikk |
Ciderhuset sel cider og fruktvin inntil 22 vol % alkohol i gardsbutikken.
Her finn du alle Balholmprodukta
med unntak av fruktdrammane våre.
Desse må du framleis finne på Vinmonopolet
I butikken finn du også frukt og bær på glas, bok om cider og litt av kvart alt etter sesong.
Butikken
Open i sesongen
mandag - laurdag 13-18.
Utanom desse tidene
ring 90 83 56 73 Eli-Grete
eller 98 47 77 65 Gard.
Ciderhuset er eit Économusée, ei handverksprega verksemd som er vald ut på grunn av sitt engasjement for kvalitet og det ekte.
Les meir her.
