_MG_9157 (2).jpg
 

 

Ciderhuset — ei familiesoge

Å dyrka frukt og laga cider heng tett saman her på Vestlandet, og Andreas Eitungjerde planta ut frukthagen i 1922.

Då barnebarnet Åge overtok bruket på midten av 90-tallet, såg han etter nye måtar å utnytte frukta på. Han sa opp stillinga som høgskulelektor for å etablere Balholm og Ciderhuset. Balholm – den gang kalla Gulleple – vart eit pionerprodukt; ​den første heilt naturlege fruktmosten på den norske marknaden.​

Gard & Tuba

i lag har opna Ciderhuset for verda gjennom å ta imot hundrevis av ungdommar og andre i det internasjonale programmet Erasmus+. Ymse kunst- og teaterprosjekt, «work-away» og «Chef in Residence»-opplegg. Dei leitar alltid etter nye impulsar og bringar samtidig inspirasjon til deltakarar og gjester som kjem hit. 

I Balestrand er me vane med ein internasjonal puls frå tidleg 1800-tal, og den fleirkulturelle samtida me lever i syner godt att i Ciderhuset. Nokre somrar jobbar det 6-7 nasjonalitetar på kjøkenet, av og til er det 14-15 nasjonalitetar rundt restaurantborda i Glashuset og på hausten kan det vere ungdommar frå Tyskland, Italia, Frankrike, Romania ++. Dei er deltakarar på ungdomsprosjekt og hjelper til med å få eplehausten i hus. 

Kulturen frå Middelhavet og Sogn smeltar saman i ein tredje kultur der 1 + 1 blir mykje meir enn 2. 

Gard Eitungjerde Høyvik

Gard er ein supersosial type med krølla hår som dei fleste hugsar att. «Var det ikkje deg eg møtte på Vinjerock?», høyrer me ofte. 

Som eldste og einaste gut i familien, insisterte han på å vere odelsgut då han var liten, sjølv om det ikkje var odel på hagebruket her! Gard starta karrieren sin med å stelle 12 høner og selje egg til naboane. Og han har gått ein god skule hos far Åge. Etterkvart lærte han å pode, å skjere frukttrea i rett form og stelle ein stor frukthage. Gard har alltid vore fascinert av korleis avfall frå hagen og kjøkenet blir til nytt liv etter å ha vore utsett for mikroskopiske småkryp i tusental i komposthaugen.

Gard er oppteken av det naturen gir og at kroppen har godt av det me puttar i munnen. Han formidlar om cider med stor entusiasme på smakingar, og hans bakgrunn i drama og pedagogikk kjem vel med i rollen som husets storyteller og ikkje minst som servitør og bartender når det trengst! 

Det er alvorleg mange pallar med Balholm drikke Gard får sendt av garde til resten av landet i løpet av ei veke – men heldigvis har han tid innimellom til å fylle hyllene i gardsbutikken i Ciderhuset og.  

Gard har alltid vore open for å lære meir om den store verda – på kurs i teatersport i Canada, som volontør i Polen eller på diverse internasjonale ungdomsutvekslingar. Slik møtte han også si Tuba frå Tyrkia. 

Tuba Ardic

Tuba lærte å lage mat av bestemor si i Tyrkia, og er i sitt rette ess når ho får gode råvarer frå Sogn inn på kjøkenet og kan mikse desse saman med alt ho har med seg frå heimlandet. Ho er matentusiast på sin hals og lidenskapleg oppteken å finne rett cider til ulike matrettar – og omvendt; «Kva for saus passar til denne fruktige cideren, skal tru?». 

Tuba si glede over å eksperimentere gjer det av og til vanskeleg å planlegge menyar lenge i førevegen, men det blir steikje gode middagar av det! Sjokolade med smakar frå frukthagen var lenge berre ein draum i ein travel kvardag. No blir det laga sjokolade i kjellaren og spørsmålet er «Blir det best med plomme- eller epledram i denne ganasjen, skal tru?»

Tuba er svært energisk og har ein finger med i det meste av nyskaping rundt oss. Og latteren sit alltid laust hos gjengen på kjøkenet. Kanskje det er fordi ho har nærma seg jobben som dagleg leiar og kjøkensjef i Ciderhuset frå ein litt uvanleg kant; sosiologifaget – der ho no jobbar med å fullføre doktorgraden.

Åge & Eli-Grete

har sidan 2004 bygd opp Ciderhuset i den gamle frukthagen frå 1922 ut frå ein ide dei trudde på; «Det er utruleg spennande med frukt, og cider er den norske vinen.» Med fire born i huset – Gard, Solveig, Ragnhild og Heidrun - var det bra med arbeidshjelp opp gjennom dei første åra. 

Frå og med 2022 har Tuba og Gard overteke som eigarar av Ciderhuset. Åge og Eli-Grete vil vere gode hjelparar.

 

Åge Eitungjerde

Åge vaks opp sentrum av Balestrand (Holmen), men var så ofte han kunne med bestefaren i frukthagen. Han minnest fruktbløminga som å vandre mellom nyvaska laken. Lukta frå kassane med Gravensteinseple i kjellaren var barndomsminne som ikkje ville sleppe taket.  Og i 1989 flytte Åge med familien attende til Balestrand og tok over frukthagen i Solsmyri. 

Åge er utdanna sjukepleielærar. Han skjønte etterkvart at det måtte gå an å gjere noko meir med dei helsesame eplene enn å sende dei frå seg inn i det store maskineriet, der dei beste enda opp i butikk, men mesteparten som fyll i ei anonym hushaldningssaft. 

Åge starta Balholm Fruktpresseri i 1996 og var den første som pressa eple til supersunn, uklar fruktmost på flaske og fekk dei ut i butikk, og det lenge før omgrepet lokalmat var funne opp. Han brenn for mangfaldet av fruktdrikke og har klart å lage mange smaksrike typar av jus, cider og fruktvin. I 2021 vart han tildelt den nasjonale «Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris» for 25 års innsats for å fremje norsk drikke. 

Brenn gjer han også med cider som ikkje blir heilt som planlagt – og dermed blir det god eple- eller plommedram frå destilleriet. 

Når han skal slappe av, set han seg ved hammondorgelet med Leslie (1959-modell frå Chicago) og dundrar laus på Toccata & Fuge i d-moll av Bach. Neste dag er han klar for å formidle om Sogn som det eldste fruktområdet i landet, om korleis cideren blir laga og om kva som er så spesielt med dei ulike typane eple.

Eli-Grete Høyvik

Eli-Grete er ho mor sjølv i huset som har oversikten over det meste. Ho veit når gjestene kjem, kven dei er og kva dei skal få servert i glasa og på tallerken, og ho ser til at det er blomar på bordet og nok cider i kjølen. 

På hausten er det Eli-Grete som tek ansvar for å få plommer, rips, rabarbra, kvede og det som elles er av årets avling på glas – til glede for kundar i butikken og for middagsgjester resten av året. 

Ho er sterkt knytt til Balestrand si historie gjennom familien sin. Bestefar Ivar Høyvik var treskjeraren som gjennom eit langt liv laga vakre møblar i drakestil, til dømes Høyviksalen på Kviknes Hotel og drakeornament på kunstnarvillaene langs fjorden. Bestemor Eli vov åkler og tekstilar til Høyvik-møblane.  Eli-Grete er ofte kulturvert og tek gjestene med på ei guida vandring frå Kviknes, gjennom Kunstbygda Balestrand, via Engelskkyrkja og vikinggravene på Balahaugen og til Ciderhuset. 

Eli-Grete er utdanna i leiing, strategi og planprosessar og er også styreleiar i Balholm.