_MAL7709+%282%29.jpg

 

Eple, handtverk og lidenskap.

Garden

Ciderhuset ligg i ein frukthage etablert i 1922 av Andreas Eitungjerde og utvida av generasjonane etter. Me tek imot gjester som vil bli kjende med cider og anna fruktdrikke frå Balholm. Det er også cideren som spelar hovudrolla i måltida du får i restauranten eller når det er feiring hos oss. I butikken kan du kjøpe cider som har vunne fleire internasjonale prisar, og under smakingane våre  formidlar me om eplet sin veg frå hagen til ferdig drikke og om den rike frukthistoria i Sogn.

Ciderhuset Balestrand hovedhus restaurant
 
Eiendommen ciderhuset hage balestrand

Gardsbutikken 

I gardsbutikken finn du alle drikkene frå Balholm/Ciderhuset – ca 35 i talet; eplejus og eple blanda med ulike bær, limonadar eks. den populære Margaret Sprudlande med eple og rabarbra, Bringebærlimonade og fleire. Me har 14-15 ulike typar cider og fruktvin under 22 Vol %. Her vil du kunne velje mellom 6 ulike stilartar av cider og få hjelp til kva som passar til ulike typar mat eller som ein aperitiff. Sterkare saker som våre epledram, plommedram og Sogn Aqva vitae, må du framleis bestille frå Vinmonopolet.no

Balholm kjøper frukt frå Sogn Frukt og Grønt og frå mange lokale dyrkarar i Sogn. Me set stor pris på deira kunnskap og innsats for å få fram den unike smaken av frukt og bær så langt mot nord. I hagen finn me plommer som blir til syltetøy, dessertplommer og chutney i hyllene. Anders kjem med Veten bringebær som blir det beste syltetøyet – og så lagar me gele eller noko anna som akkurat dette året gir av avling, enten det er aprikos, kvede, mispel eller noko meir kvardagsleg som rips og blåbær.

Når Tuba lagar sjokolade er det sjølvsagt i møte med frukt - tørka eple, plommer i dram eller Prunus plomme dessertvin. I butikken vil du etter kvart finne nye overraskingar av sjokolade-souvenirar...

Ved sidan av gardsbutikken er også eit serveringslokale med grue og vedfyrt bakaromn som forsyner oss med gode brød, pizza og langsteikte middagsrettar på vinteren. Du kan betale med dei fleste kort eller Vipps i butikken.

 

Gildesalen 

Salen er staden for den store dagen – når noko spesielt skal feirast med god mat og cider, eller når de treng å samlast for eit godt måltid frå jobben, vennegjengen eller familien. 

Stemninga her er høgtidsam, inspirert av arkitekturen me kjenner frå steinkyrkjer i Sogn. Gildesalen har ciderbar, piano og orgel, samt utgang til eigen balkong. Denne salen passar dermed til private settingar og store grupper også på sommaren når det er andre gjester i Glashuset / restauranten. 

Salen er også konsertlokale under Balejazz og av og til elles i året. 

Restaurant med utsikt balestrand

Glashuset 

Glashuset er akkurat som namnet seier, eit glashus i deler av året når plantene spelar hovudrolla; når nye epletre skal podast, når tomatplanter skal vekse seg store, eller når Afrikas Blå lilje (Agapanthus) skal ha ein lun plass til å overvintre.

Men på sommaren er Glashuset ciderrestauranten vår med vid utsikt til hagen og den blå, blå Sognefjorden. Her er det lyst i all slags ver, og når me trekker dei store glasveggane til sides  er du eigentleg  ute - inne. Gjester spør oss om vindaugsbord....men her er det vindauge over det heile. Og det er som kjent ikkje lurt å kaste stein i glashus – så det prøver me å unngå!

 

For gruppebesøk ta kontakt. Bestille bord for sommaren gjer du her.