Servering i Ciderhuset
Restauranten er open 25.juni - 25. august 2024
Sommaren 2024 tilbyr vi “Cidermakers dinner”, middag med høve til å kjøpe ciderpakke eller alkoholfri drikke til maten. Mottaking med velkomstdrikke kl 18.30 og middag servert kl 19.00 måndag - laurdag.
Ein middag i Ciderhuset.
Me har Noregs første og truleg einaste ciderrestaurant!
Det betyr at menyen blir komponert ut frå kva som passar godt til ciderane våre. Menyen og matrettane er i stadig utvikling. Det same gjeld kva for cider eller fruktvin vi set til kva type mat. Så ikkje forvent å få akkurat det same som du fekk i fjor!
Ciderhuset serverer mat som kjem frå folk vi kjenner rundt oss; økologisk storfekjøt frå Geirmund og Sissel i Hanevika, eller pølser og kjøtbollar frå Olav Arnar i Vik, lam og grønsaker frå Renate i Vetlefjorden eller røykelaks frå Keipen lokalmat i Balestrand.
Den økologiske iskremen har Laureen og Guus laga i Feios, og i bærsesongen kjem Oddvar med jordbær frå Menes, og Anders med bringebær frå Thue, eller Åslaug kjem med dei «heilt frå Vik»!
Noko kjem skikkeleg langvegs frå – som krydderet mor til Tuba tek med frå Tyrkia. Dette blir det ein herleg miks av Noreg og Tyrkia utav til slutt.