Ciderhuset-9.jpg

 

Fra frø til frukt…og til cider

 

Cider er den norske vinen – og me vil få folk til å elske cider frå Sogn!

Dette er eit hårete mål, men kva er elles vitsen med å bruke månader og år på å gjere frukta om til gylne, perlande dråpar på flaske og fat?

Me har reist rundt om i verda, og me har henta kunnskap og inspirasjon. Me var dei første til å  henta heim spesielle cidereplesortar frå Frankrike og England. Desse veks no for først gong i norsk jord i vår hage ved Ciderhuset.

Dei nye sortane eignar seg godt til å lage tanninhaldige variantar av cider. Det er nemleg heile poenget – å kunne servere ulike typar cider til ulike typar mat, eller cider som ein aperitiff eller til ei hyggestund på verandaen i lune

 
 
Hvordan vi lager cider
 

Me har flaggskipet vårt, Aldin, cider laga på tradisjonell fransk metode med tankgjæring, modning på flaske og deretter degorgering før me tappar på champagneflasker. 

Me ynskjer å dele med dykk – både korleis desse smakane blir til og korleis me tenkjer om cider til mat. Korleis kan du bli ein hobby-cidermakar? Eller kanskje du berre vil nyte ein handverkscider laga med ein stor porsjon lidenskap? Det er heilt greitt det og☺

I destilleriet i Ciderhuset har me eit tysk brenneapparat som er spesielt konstruert for å lage aromatisk fruktbrennevin. Her blir eplemasse blanda inn i spontangjera eller kulturgjæra cider og destillert til epledram. Plommer som ikkje går til dessert, syltetøy eller dessertvin kan også fort hamne oppi kokaren til Åge! Deretter kjem dei edle dråpane på tank eller franske eikefat alt etter kva sluttresultatet skal bli. 

I Kvelvkjellaren modnar eple- og plommedram. Nokre av fata har alt vunne å bli 10 år. Det er ikkje alle varer som går ut på dato her i verda.

 

Me kallar tilbodet vårt for «Ciderakademiet», fordi me vil at mange skal smake, lære og ta del i cider og fruktdrikke sin framvekst i Noreg! 

Ciderhuset Balholm har 5 utdanna pommeliers frå London Beer & Cider Academy.

Smak & Lær

Bestill cidersmaking hjå oss